v/Torfinn Langelid

Me møttest første gongen like etter at Skien fengsel blei opna i 1993. Eg hadde ein dag på skulen i fengslet der eg i møte med Leif og dei nye lærarane gjekk gjennom ulike sider av fengselsundervisninga. Leif utvikla ein god skule der han heile tida var oppteken av kva slags opplæringstilbod som var dei beste utifrå elevane sine føresetnader, behov og ønskje. Ikkje minst fekk han til eit godt samarbeid med arbeidsdrifta i fengslet. Dette blei eit føredøme for andre fengsel. Han var oppteken av utnytte ressursane på ein best mogeleg måte.

I 1995 kom Leif med i arbeidsgruppa som la grunnlaget for FOKO. På første årsmøtet blei han vald inn i styret som informasjonsansvarleg. Tidleg på 1990 talet kom det ei stortingsmelding Om bekjempelse av kriminalitet. Eit av tiltaka der var Fullføring av utdanning etter endt soning. Det førte til Sluseprosjektet som Leif gjekk inn for med liv og lyst. I dette prosjektet utvikla skulen eit godt samarbeid med andre etatar, ikkje minst med friomsorga. Vigdis fortalde at då dei reiste i lag med Slusa på tur kunne Leif gå føre og syngje med full hals Vi vandrer med freidig mot. Nokre av deltakarane blei litt flaue, men andre elska det. Men det var slik Leif levde. Han vandra med freidig mot, hans sinn var lyst og lett hans fot. Eg skal helse frå Vigdis og fortelje at skulen han var med å starte på Sluseprosjektet har opna mange dører for deltakarane: til arbeidslivet, til fagbrev, til studier og det gode liv. Alle rekna Leif som sin gode ven.

Som informasjonsansvarleg i FOKO var Leif eit funn. Her fekk han bruke sine skapande evner i alle retningar. Leif gjorde at fengselsundervisninga blei kjent blant politikarar og byråkratar.

Som informasjonsansvarleg var han i lag med leiar av FOKO på besøk i KUF-komiteen og i møte med einskildpolitikarar for å informere om FOKO og argumenteree for at budsjetta til opplæring for innsette måtte aukast.

Som ansvarleg for FOKO-nytt fekk Leif skulane til å presentere seg. På denne måten blei me kjende med fengselsskulane andre stader i landet.

FOKO utvikla seg frå med ca 50 medlemmer i 1996 til i dag med ca 330 medlemmer. Kvart år er Sundvollen fullstappa med nesten 300 ivrige deltakarar. FOKO er den desidert største nasjonale organisasjonen i European Prison Education Association (EPEA) .

Leif hadde som sagt god kontakt med politikarane. Eg trur det var i 1997 at han ringde meg ein sein haustkveld. Stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen som då var representant for AP frå Telemark og saksordførar for fengselsundervisninga på Stortinget bad Leif om hjelp til å formulere nokre setningar om Evaluering av fengselsundervisninga. (FOKO hadde fleire gonger bede om ei evaluering av fengselsundervisninga)  Me tenkte litt att og fram og kom med ei formulering som Leif sende Oppebøen Hansen dagen etter. Den gjekk rett inn i Budsjett-innst. S. nr. 12, 1997-98. Leif var medansvarleg for at den omfattande evalueringa av fengselsundervisninga kom i gang (2000-2003). Etter elleve år i styret slutta Leif som informasjonsansvarleg i FOKO i 2007.

Eg må og nemne det internasjonale engasjementet hans. I 1999 var EPEA konferansen lagt til Athen. Då køyrde Leif og ein kollega strake vegen frå Skien til Athen. Dei hadde med seg utstyr slik at dei laga nytt frå konferansen kvar dag. Det var samandrag av foredrag og kulturelle innslag og bilete av foredragshaldarar og deltakarane. Conference News låg då ferdige kvar morgon og var veldig populære blant deltakarane. Dette var eit opplegg som Leif sette i gang med på FOKO seminara og som var veldig populære.

Eg må også nemne EPEA konferansen i 2003 i Langesund. Det var ein nordisk komite som sto bak konferansen. Noreg var vertsland. Komiteen stilte i bunad- nordiske bunader. Leif hadde til og med hatt til bunaden. Det hadde ikkje me andre.  Det er vel ingen som har blitt fotografert så mykje som denne bunadskledde komiteen. Vi blei spreidde over heile verda. Av kulturelle innslag var det båttur på Telemarkskanalen og måltid på Lille Ulefoss, Det var Picnic i det grøne på Bjørkøya, ei lita øy i nærleiken av Langesund. Treffer framleis folk i Europa som minnest denne konferansen med glede. Kunne aldri blitt gjennomført utan lokalkunnskapen til Leif som i dette arbeidet hadde med seg Vigdis Fosheim og Morten Enge.

Leif var raus og varm i møte med alle menneske. Han var oppteken av å gjera det beste for elevane, for menneske i utsette posisjonar. Han har heile tida hatt eit utvida handlingsrom for augo og har vore oppteken av kva som tener den enkelte elev best. Då kan me ikkje vera regelryttarar som følgjer regelverket slavisk. Leif har alltid kjempa den gode si sak. Elevane har vakse, gjort det godt og fått styrka sjølvkjensle. Varme, glede og optimisme har han spreidd til elevane, vener, kollegaer og dei som har stått rundt deg.

Sjølv dei siste åra med sjukdom hadde Leif glimt i auga, humør og ikkje minst takksemd for all god hjelp han har fått frå norsk helsevesen. Leif har hatt smerte, men som han skreiv i ein SMS til meg i september. MEN jeg leser, trives godt i leiligheten og kjenner takknemlighet og øyeblikkets gavmildhet. takknemlighet og øyeblikkets gavmildhet – slik tenkte Leif i sin vanskelege situasjon. Då eg fekk denne meldinga frå Leif kom eg på eit dikt av Halldis Moren Vesaas der ho gjekk i Midtbøs bakkar sommaren 1995, kreftsjuk og tenkte på kva som er viktig i livet. Diktet Nesten ingen ting. Eg sende det til Leif og svaret var at …den vakre teksten til Halldis kjente jeg meg hjemme i:

Nesten ingen ting

Utgangspunktet i sikte.
Da samlar ein saman
det ein vil ha hos seg
så lenge ein er på denne sida.

Sorterer ut.
Streng sortering.
Likevel så mykje
som er verdt å halde fast på?

Det. Og det. Og det.
Kva som er mest verdt,
veit eg ikkje,
og kva tyder vel mål og vekt?

Men no i solefallet
i dette tunet der eg har trødd i seksti somrar
blir hjartet fullt av takk og pris
for noko som er nesten ingen ting:

Kvitkløvaren som myldrar
rund skolt tett ved rund skolt
rundt steinane og i vegkanten
og lar sin søte, blyge pust
så vidt merkast i den lufta ein andar inn.

Og linerla. Vippstjert i soloballett
på rekordraske bein
fram og tilbake, hit og dit.
Alltid berre ei.
Skulle tru det var den same
gjennom alle dei seksti somrane.

Kvitkløveren. Linerla.
Så smått. Så stillferdig.
Ja. Og så dyrebart.
Nesten nok, berre dette, i kveld.

Livshus 1995

Kjære Leif: Takk for godt venskap gjennom mange år. Mange takk for arbeidet du har lagt ned for FOKO, for norsk og europeisk fengselsundervisning. Du har vore ein trugen tenar i arbeidet for at innsette i fengsel skal få gode og skikkelege opplæringsvilkår.

Du har gjort kvardagane lettare og livet ljosare for mange menneske.

Fred over ditt minne.