Historikk

FOKOS HISTORIE

Første forsøk på organisering i 1982
På eit seminar om undervisning i fengsel på Norsjø turisthotell, Akkerhaugen i Telemark, i mai 1982, kom det fram ønskje om å greie ut behovet for ein organisasjon i fengsel og kriminalomsorg. På seminaret blei det valt eit interimstyre med Erling Kokkersvold, Gunnar Hauge og Sissel Rytter frå Grønland Voksenopplæringssenter og Paal Brannsten frå Ila landsfengsel og sikringsanstalt. Insterimstyret kalla inn til konstituerande møte 16. april 1983 på Tveita ungdomsskole. Det konstituerande møtet samla om lag 25 lærarar i hovudsak frå Austlands-området, men også nokre få representantar frå Trondheim og Bergen. Namnet blei “Foreningen for lærere i kriminalomsorg”, forkorta til FLIK. Foreninga fekk følgjande føremålsparagraf:
“Foreningen ønsker å fremme utviklingen på det faglige området, styrke utviklingsarbeid og gi lærere støtte i det daglige arbeidet.Foreningen ønsker å fremme kontakt og samarbeid med andre organisasjoner, grupper og enkeltpersoner innenfor fengselsvesen, kriminalomsorg i frihet og etater som arbeider med kriminalomsorgsklientel”.
Foreninga fekk kort levetid. Det var vanskeleg å greie seg utan økonomisk støtte frå sentralt hald. Medlemskontingenten var 50 kr. Hausten 1984 fekk foreninga 5000 kr i tilskott frå Rådet for vidaregåande opplæring til å arrangere eit seminar i Oslo. Det blei ikkje så mykje meir. Det var vanskeleg å få ressursar til å møtast og foreninga hadde ikkje noko medlems-blad. Foreninga sovna stille inn i 1985

Internasjonal påverknad
Tanken om å få til ein organisasjon heldt seg likevel levande utover i åtti- og første del av nittiåra blant ein del personar innanfor miljøet. Samstundes skjedde også ein del internasjonalt. På nordisk plan kom i denne tida (frå 1988) dei nordiske konferansane systematisk i gang annan eller tredjekvart år. Europarådet kom i 1990 med tilrådingar og ein rapport om “Education in Prison”. (Rapporten er omsett til norsk).
Dei første spirene til den europeiske organisasjonen “European Prison Education Association” ­EPEA, blei sådd under ein internasjonal konferanse i England i 1989 og organisasjonen blei formelt grunnlagt under den europeiske konferansen om fengselsundervisning som blei avvikla i Sverige i 1993.

FORUM FOR OPPLÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGEN

Initiativ
Det var med andre ord eit anna klima og ein annan atmosfære for å prøve på nytt. I tillegg hadde fengselsundervisninga utvikla seg i omfang og talet på lærarar var midt på nittitalet kome opp i om lag 240 på heil- og deltid. Våren 1995 tok Torfinn Langelid eit initiativ og kalla inn til eit uforpliktande møte på Restaurant Oriental i Oslo 12. juni for å drøfte ulike sider ved å stifte ein ny organisasjon for fengselslærarar. Med på dette møtet var: Ivar Ulvestad, Sissel Rytter og Laila Sand frå Grønland Voksenopplæringssenter, Ingunn E. Kleivan og Erle Skaar frå Rud vgs, avd. Ila landsfengsel og Torfinn Langelid frå Statens utdanningskontor i Hordaland. Av desse var Ivar Ulvestad, Sissel Rytter og Torfinn Langelid med på stiftingsmøtet av FLIK i 1983.
På møtet var det allmenn semje om å gå vidare med arbeidet for å stifte ein organisasjon for alle som var opptatt av opplæring innanfor kriminalomsorgen. Sommaren 1995 omkom Sissel Rytter i ei tragisk bilulykke i Spania. Bjørn Andersen frå Jessheim vgs, avd. Ullersmo landsfengsel og Leif Lyngstad frå Klosterskogen vgs, avd. Skien kretsfengsel kom frå hausten 1995 med i arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa sin argumentasjon for å gå vidare blei grundig drøfta på eit todagars møte 1. og 2. september 1995 i Oslo. Grunngjevinga var to-delt:

Kva har skjedd som gjer det naturleg å prøve på nytt?

  • Større engasjement frå byråkrati og politikarar, jfr NOU 1992:19 om Opplæring i norske fengsel og budsjettbehandlingar i Stortinget.
  • KUF engasjerer seg og stiller krav om dokumentasjon om kva pengane blir nytta til, jfr. Innst. S. nr 12 (1993) frå KUF-komiteen som igjen fører til “Roald-rapporten”.
  • Ny stortingsmelding om kriminalomsorgen er snart på trappene (St.meld. nr 23, 1997-98, Om kriminalomsorgen).
  • Tilsette i fengselsundervisninga har auka monaleg ­ om lag 240 tilsette, likt fordelt på heiltid og deltid.

 

Det blei stifta ein europeisk forening ­ European Prison Education Association (EPEA) – i 1993.2. Grunngjeving og synspunkt for å stifte ei slik forening:

· Det er behov for ein møtestad for alle som er opptatt av problemstillingar knytta opp mot opplæring i vid forstand. Det er nødvendig med samarbeid på tvers av yrkesgruppene for å kunne arbeide profesjonelt.

· Det er behov for eit forum for å drøfte faglege prinsipielle spørsmål. Den nye foreninga bør ikkje vera ei fagforening, her er det viktig med klar grenseoppgang

· Organisasjonen bør ha ein flat struktur og bør knyttast til den internasjonale organisasjonen EPEA, og gje rom for utveksling av erfaringar og tiltak fengsla i mellom.

· Organisasjonen skal inspirere til nytenking. Tilboda i dag kan verke noko tilfeldige.

· Fengselsundervisninga må følgje med i det nye som skjer i det ordinære skoleverket.

· Det må lagast eit forum der det er lov å vera usamde. Det er viktig å få med breidda i ei slik forening. Det blir viktig å utvikle eit nettverk som dekkjer alle institusjonane.

· På dette møtet gjekk ein også gjennom bakgrunnen for og organiseringa av EPEA. Arbeidsgruppa gjekk inn for å vera ei underavdeling av EPEA og utarbeidde framlegg til vedtekter i tråd med EPEA sine.

· Arbeidsgruppa hadde fleire to-dagars møte våren 1996 og gjekk inn for å arrange eit kombinert stiftingsmøte og seminar på Sørmarka Studie-og Konferansesenter 13. ­ 15. september 1996. For å lodde stemninga for eit nytt forum, sende arbeidsgruppa ut eit brev til lærarar og administrativt personale i skolar i fengsla/oppfølgingsklassene, EPEA-medlemmer og til andre interesserte som arbeidde i kriminalomsorgen. Tilbakemeldinga var svært positiv. 110 personar sa seg interessert i å vera med i forumet, og mellom 40-50 ønska å vera med på stiftingsmøtet/seminaret.

Stiftingsmøte

Stiftingsmøtet 13. ­ 15. september 1996 på Sørmarka Studie og
konferansesenter.

Stiftingsmøtet 13. ­ 15. september 1996 samla 51 deltakarar. Hovudtyngda var lærarar, men det var også med fengselsdirektørar, fengselstenestemenn og representantar for Kriminalomsorg i frihet. Det var helsingstaler frå leiaren i EPEA, Svenolov Svensson ­ Kriminalvårdsstyrelsen i Sverige, frå leiar i Direktørforum ­ Erik Såheim, Bastøy landsfengsel og frå kontorsjef Lars A.Høines ­ Kriminalomsorg i frihet i Sør-Trøndelag.

I tillegg til sjølve konstitueringa av organisasjonen var det lagt opp til eit program som femnde vidt:

· Opplæring i kriminalomsorgen. Lærerrolle ­ elevrolle i lys av R 94 v/Svein Rognaldsen, Universitetet i Bergen.

· Erfaringer med Cognitive Skills Programme i Sverige v/Svenolov Svensson, Kriminalvårdsstyrelsen i Sverige.

· Opplæring i kriminalomsorgen. Veien videre? v/Asbjørn Roald, Trondheim kretsfengsel.

Parallelle presentasjoner av ulike oppfølgingsprosjekt:

· Innledning v/Torfinn Langelid, Statens utdanningskontor i Hordaland.

· GVO ­ samarbeid med Tyrilikollektivet og A/S Industritjeneste

· “Sluseprosjektet” i Skien

· Guldbergaunet vgs, avd. “Kif-skolen” i Steinkjer

Andre parallelle presentasjoner:

· Kartlegging av lese/skrivevansker blant innsatte ved Ila landsfengsel

· Soningsplanarbeidet ved Skien kretsfengsel

· Tilsynsprogram i Kif

I tillegg var det sett av tid til gruppesamtaler om vidare utvikling av FOKO.

Årsmøtet valde følgjande styre:

Leiar Nestleiar

Sekretær

Kasserar

Informasjonsansvarlig

Varamedlem

Varamedlem

Ingunn E.Kleivan Rud vgs, avd. Ila landsfengsel Inger Charlotte Bull Teie vgs, avd. Berg kretsfengsel

Torfinn Langelid Statens utdanningskontor i Hordaland

Laila T. Sand Grønland Voksenopplæringssenter

Leif Lyngstad Klosterskogen vgs, avd. Skien kretsfengsel

Lars A. Høines Kriminalomsorg i frihet i S-Trøndelag

Ivar Ulvestad Grønland Voksenopplæringssenter.

Frå styret blei leiar og sekretær valde som kontaktpersonar til EPEA.