skrevet av Torfinn Langelid

Ein vanskeleg start som slokna fort

Eit ønske om å samle lærarar, fengselspersonale og andre som var interesserte i opplæringsspørsmål i fengselsvesenet, kom på dagsordenen i 1982. Det skjedde på eit seminar om undervisning i fengsel på Norsjø turisthotell, Akkerhaugen i Telemark. Eit interimstyre med Erling Kokkersvold, Gunnar Hauge og Sissel Rytter frå Grønland Voksenopplæringssenter og Paal Brannsten frå Ila landsfengsel og sikringsanstalt blei valt, og det blei kalla inn til eit konstituerande møte på Tveita ungdomsskule i Oslo i april 1983. Møtet samla omlag 25 lærarar i hovudsak frå Austlandsområdet, men også nokre få representantar frå Trondheim og Bergen. Namnet blei Foreningen for lærere i kriminalomsorg, forkorta til FLIK. Målet for organisasjonen var å fremje utviklinga på det faglege området, styrkje utviklingsarbeid og gje lærarar støtte i det daglege arbeidet. Organisasjonen ønska også kontakt og samarbeid med andre foreiningar, grupper og enkeltpersonar innanfor fengselsvesen, Kriminalomsorg i frihet og etatar som arbeidde med fangar og frigjevne. Foreininga fekk kort levetid. Det var vanskeleg å greie seg utan støtte frå sentralt hald. Medlemskontingenten var 50 kr. Hausten 1984 fekk foreninga 5000 kr i tilskott frå Rådet for vidaregåande opplæring . Eit seminar blei gjennomført i 1984. Det blei ikkje så mykje meir. Det var vanskeleg å få ressursar til å møtast, og foreininga hadde ikkje noko medlemsblad. Foreininga sovna stille inn i 1985.

Nytt initiativ

Tanken om å få til ein organisasjon heldt seg likevel levande utover i åtti- og første del av nittiåra blant ein del personar innanfor miljøet. Samstundes skjedde det ein del internasjonalt. På nordisk plan blei dei nordiske konferansane gjennomført kvart andre eller tredje år. Europarådet kom i 1990 med rapporten Education in Prison, som også hadde blitt omsett til norsk og sendt alle fengselsskulane. Den europeiske organisasjonen – European Prison Education Association (EPEA) – blei formelt grunnlagt under den europeiske konferansen om fengselsundervisning som blei avvikla i Sverige i 1993. I tillegg hadde fengselsundervisninga utvikla seg i omfang, og talet på lærarar var midt på 1990-talet kome opp i omlag 240 på heil- og deltid. Det var større engasjement frå politikarar og byråkrati. Ein NOU om opplæring i fengsel blei lagt fram i 1992 (NOU 1992: 19). Det var med andre ord eit anna klima og ein annan atmosfære for å prøve på nytt.

Forfattaren tok eit initiativ våren 1995 og kalla inn til eit uforpliktande møte på Restaurant Oriental i Oslo12. juni for å drøfte behovet for ein ny organisasjon for fengselslærarar. Med på møtet var: Ivar Ulvestad, Sissel Rytter og Laila Sand frå Grønland Voksenopplæringssenter, Ingunn E. Kleivan og Erle Skaar frå Rud vgs, avd. Ila landsfengsel og Torfinn Langelid frå Statens utdanningskontor i Hordaland. Av desse var Ivar Ulvestad, Sissel Rytter og Torfinn Langelid med på stiftingsmøtet av FLIK i 1983. På møtet var det allmenn semje om å gå vidare med arbeidet for å stifte ein organisasjon for alle som var opptatt av opplæring innanfor kriminalomsorga. Sommaren 1995 omkom Sissel Rytter i ei tragisk bilulykke i Spania. Bjørn Andersen frå Jessheim vgs, avd. Ullersmo landsfengsel og Leif Lyngstad frå Klosterskogen vgs, avd. Skien kretsfengsel kom frå hausten 1995 med i arbeidsgruppa.

Grunngjevinga for å stifte ei slik foreining var fleirdelt: Det var behov for ein møtestad for alle som var opptatt av problemstillingar knytte opp mot opplæring i vid forstand. For å kunne arbeide profesjonelt var det nødvendig med samarbeid på tvers av yrkesgruppene. Organisasjonen skulle inspirere til nytenking. Tilboda kunne verke noko tilfeldige. Fengselsundervisninga må følgje med i det nye som skjer i det ordinære skuleverket. Foreininga må utvikle eit nettverk som dekkjer alle institusjonane og slik få med breidda i systemet. Sist, men ikkje minst, organisasjonen må knytast til det internasjonale nettverket gjennom organisasjonen European Prison Education Association (EPEA).

For å lodde stemninga for eit nytt forum sende arbeidsgruppa ut eit brev til lærarar og administrativt personale i skulane i fengsla og oppfølgingsklassene, EPEA-medlemmer og til andre interesserte som arbeidde i kriminalomsorga. Tilbakemeldinga var svært positiv. 110 personar sa seg interesserte i å vera med i forumet, og mellom 40 og 50 ønskte å vera med på stiftingsmøtet og seminaret.

FOKO blir etablert

Stiftingsmøtet 13.-15. september 1996 på Sørmarka Studie- og konferansesenter samla 51 deltakarar. Hovudtyngda var lærarar, men det var også med fengselsdirektørar, fengselstenestemenn og representantar for Kriminalomsorg i frihet. Leiaren i European Prison Education Association (EPEA), Svenolov Svensson, kom med helsingstale og hadde innlegg om erfaringar med Cognitive Skills-programma i Sverige. Lærarrolla og elevrolla i lys av Reform 94 med konsekvensar for opplæring i kriminalomsorga blei drøfta. Personar som stod midt i det daglege arbeidet, presenterte erfaringar frå ulike oppfølgingsprosjekt. Arbeidet i Roald-utvalet var på dagsordenen og skulle bli ein trufast gjest på dei komande FOKO-seminara. I tre år måtte FOKOseminara leggjast opp etter elgjakta som leiaren i Roaldutvalet, fengselsdirektør Asbjørn Roald, tok del i.

Det første styret i FOKO fekk denne samansetjinga:
Leiar:Ingunn E. Kleivan, avdelingsleiar ved Rud vidaregåande skule, avd. Ila fengsel- og sikringsanstalt.
Nestleiar: Inger Charlotte Bull, Teie vgs, avd. Berg fengsel
Sekretær: Torfinn Langelid, Statens utdanningskontor i Hordaland
Kasserar: Laila T. Sand, Grønland Voksenopplæringssenter
Informasjonsansvarleg: Leif Lyngstad, Klosterskogen vgs, avd. Skien kretsfengsel
Varamedlem: Lars A. Høines, Kriminalomsorg i frihet i Sør-Trøndelag
Varamedlem: Ivar Ulvestad, Grønland Voksenopplæringssenter

Den internasjonale kontakten blei etablert med ein gong ved at leiar og sekretær blei valde som kontaktpersonar til EPEA

Vegen vidare

Forum for opplæring innanfor kriminalomsorga (FOKO) kan karakteriserast som ein organisasjon for fotfolket, for dei som står i det daglege arbeidet. Det kjem fram gjennom dei konferansane styret i FOKO planlegg og gjennomfører kvart år. På desse konferansane er det kvar gong god plass til parallelle sesjonar der lærarar, fengselspersonale eller andre fortel om erfaringar frå og med perspektiv på det som skjer i den daglege fengselskvardagen. Samarbeid mellom skule og arbeidsdrift har vore diskutert mange gonger med erfaringar henta frå ulike skular og fengsel. IKT-problematikken har vore på dagsordenen. Like eins programverksemda, kunstfaga, alternative læringsarenaer, entreprenørskap. Elevar frå fengselsskulane har vore med og delt sine erfaringar. Ein gong var det ein elev som kom med sine tankar på kriminalomsorgsmeldinga.

Deltakarane har fått oppdatert kunnskap om aktuelle spørsmål, spesielt om kriminalomsorga og spørsmål knytte til opplæringa. Det har vore nye stortingsmeldingar, presentasjon av den omfattande evalueringa av fengselsundervisninga, rapporten om ressursbruk i fengselsundervisninga og levekårsundersøkingar. Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) har informert om utdanningsprogramma til EU og oppmuntra skulane til å søkje. Forskinga om innsette sin utdanningsbakgrunn, behov og ønske har fått god plass. Leiarane i justiskomiteen og ekspedisjonssjefar har møtt fram og informert om gjeldande kriminalpolitiske spørsmål. Etiske, pedagogiske og haldningsmessige spørsmål har blitt drøfta ved personar som Nils Christie, Inge Eidsvåg, Guttorm Fløistad, Geir Lippestad, Paul-Leer Salvesen, Espen Schanning, Gunnar Stålsett, Olav Vesaas med fleire. Konferansane har vore ein viktig møteplass, ein verkstad for idemyldring, og deltakarane har fått med seg niste i ryggsekken tilbake til kvardagen.

Aukande medlemstal og aktive i EPEA

Medlemstalet har auka frå år til år. I 1997 hadde FOKO 117 medlemmer, i 2015 er talet 344. Hovudtyngda av medlemmene er frå skulane, men også mange frå kriminalomsorga, NAV, bibliotekarar, forskarar og andre. FOKO er den desidert største underavdelinga i European Prison Education Association (EPEA). Det er fleire frå FOKO-styret som også har hatt verv i styret for EPEA: Knut Lage Bø (sekretær), Ingunn Eitrheim (regional representant), Gisle Grahl-Jacobsen (kasserar), Torfinn Langelid (regional representant og medlemskapssekretær), Jan-Erik Rønning (regional representant), Per Sneeggen (kasserar), Asbjørn Støverud (sekretær) og Astrid Utgård (sekretær). Frå 1. juli 2015 er Cecilie Torsvik Høisæter vald inn som ny sekretær i EPEA- styret. Hilde Larsen – leiar og Paal Chr. Breivik – sekretær, er kontaktpersonar til EPEA.

FOKO ein plass for idemyldring og engasjement

FOKO hadde i mange år konferansane på LO-skulen, Sørmarka kurs- og konferansesenter, men det blei for lite. I dag blir dei årlege konferansane avvikla på Sundvollen. FOKO seminaret i år, 20 års markeringa, ser ut til å bli det største nokonsinne med 252 påmelde pr. 4. oktober.

Forum for opplæring innanfor kriminalomsorga (FOKO) har vore aktiv i budsjettsamanheng. Leiar og informasjonsansvarleg har hatt møte både med justiskomiteen og kyrkje-. utdannings- og forskingskomiteen og sendt brev der dei har peika på manglande tildelingar og konsekvensar det kan få for opplæringstilboda for dei innsette. For å sikre informasjonsflyt frå styret og mellom skuleavdelingane i fengsla og andre, blei det utgjeve eit medlemsblad, FOKO-nytt. Bladet har vore ein viktig møteplass med meiningsytringar frå elevar om opplæringa, informasjon om undervisninga ved dei ulike skuleavdelingane og reisebrev frå studieturar i utlandet for å nemne nokre tema. I takt med teknologiutviklinga blei bladet lagt ned i 2010. I dag føregår informasjonen og diskusjonane på nettsida www.foko.no. FOKO engasjerte seg også for å utvikle samarbeidet mellom arbeidsdrift og skulen. Leiar i arbeidsgruppa var verksmeister Tore Kjemperud. I tillegg var det med representantar for skulane og fleire frå arbeidsdrifta. Rapporten kom med mange konkrete tilrådingar om korleis samarbeidet bør utvikle seg og med mange eksempel frå skular og fengsel som har fått det til. Målet er å gje dei innsette eit så godt arbeids- og opplæringstilbod som råd er. Styrken med rapporten er at det er praktikarane som kjem til orde med kunnskap og kompetanse om korleis området kan og bør utvikle seg (FOKO 2009).

FOKO har vore og er ein viktig møteplass for lærarane og andre som arbeider i kriminalomsorga. Organisasjonen har gjort eit stort arbeid i å føre dei ulike aktørane saman med tanke på å utveksle erfaringar, gje kvarandre nye idear, reflektere over verdigrunnlag og daglege utfordringar. Eit ønske for framtida er at FOKO engasjerer seg sterkare for at innsette skal få ivaretatt retten sin til opplæring. Politikarane må heile tida bli minna om at dei små gruppene har dei same rettane til samfunnet sine tenestetilbod som oss andre samfunnsborgarar.